Monday, March 21, 2011

Siste Tyrkia-dagane

Så var eg tilbake i regnbyen, ein litt kjipare kvardag enn sol og 19 grader i Tyrkia. Vi hadde kun ein dag med regn, men det var ikkje direkte kaldt då heller.

Torsdagen var det treningskamp mot Linderud/Grei, den endte 1-1 etter at vi leda fram til det gjensto omtrent 15 minutt. Men jentene har vist at dei gir god motstand mot andre Toppserie-lag, så det blir spennande å følge med denne sesongen.

Fredag kveld var sett av til sosialt lag der jentene hadde gått saman i små grupper og laga underhaldningsinnslag. Adjektivhistorie, konkurransar, og eit forførande danseshow i bikini og "klirreskjørt", ispedd store dosar humor :) Ei av jentene elskar å showe og vise seg litt fram, så det er alltid moro å sjå kva ho har pønska ut.
Etter underholdningsbiten var det ein del som gikk ned til baren, discoen eller loungen (vaffelhuset, som vi kalte det ettersom dei serverte belgiske vafler på ettermiddagane). Discoen spelte Alexander Rybak sin Fairytale i dance-versjon, skal love deg at det ikkje var noko særleg. Eg fann ut at det var betre å finne senga enn å hoppe rundt til "musikk"...

Ellers var det spesielt å sjå enkelte ektepar på hotellet, der dama gjekk innpakka i heildekkande gevantar der berre augene syntes, og mannen gjekk i kva han ville. Eg nektar å tru at dette er heilt frivillig, det er nok mykje rotfesta i kultur og religion der kvinner ikkje skal vise seg fram, og det provoserer meg. Likestillinga i mange arabiske land er nok ikkje komt så langt akkurat. Enkelte vil vel påstå at likestillinga har komt litt for langt i mange vestlege land, men kvinner som ikkje får vise ansiktet sitt eingong er noko eg ikkje syns noko om.
Lurer på kva dei tenkte om oss som kom rett frå trening i shorts og t-skjorte, eller låg ved bassengkanten i bikini...

Forkjølelsen er fortsatt tilstede, kroppen har ikkje hatt nok tid til å roe ned og bli frisk. Opp- og nedstiginga på flyturen laurdag kveld kjentes godt i bihulane, det verkar som om det har sett seg litt der. Får heller bruke ein ekstra dag heime før eg går tilbake til full rulle på jobben i morgon.

Litt bilder frå turen:


Treningsfeltet. Hotellet i bakgrunnen.



Utsikt frå terassen min



Var ikkje så mykje pågang for å leige bil...



Sola begynte å gjere seg gjeldande mot slutten av opphaldet



Trening

Og litt artige episoder hadde vi jo også. Fredag ville vi bestille øl til middagen, ettersom det var siste kvelden. Tonje ville bestille ei øl og ein cola. Kelnaren kom med øl og cola - i samme glas.
Ho spurte kva dette var, dette var jo ikkje det ho bestilte. Ho ville ha EI øl og EIN cola. Kelnaren kom tilbake med ny øl og cola i samme glas. Hehe, skal ikkje være enkelt når kelnaren ikkje er så stø i engelsk...Det beste var jo at Jona smakte på dette og syntes det slett ikkje var så verst. Ho drakk det eine glaset.

Selma (maskoten vår på 5 år, dattera til ein spelar) var så glad for at Elise ville være med på stranda og leite etter små skjell, fordi "mamma ser ikke de små skjellene hon, hon ser bare de store fordi hon har så dårlig syn..." Vel. Ikkje oss bekjent i allefall :)

Vilde feira 18-årsdagen sin med fri bar i Tyrkia på fredag, og påsto ho også skulle rett ut på byen når vi kom til Bergen på laurdag. Vi kom oss vel ikkje frå Flesland før klokka nærma seg 23.30. Litt spent på om ho gjennomførte byturen...

Kjekk tur med mykje latter!



Wednesday, March 16, 2011

Tyrkia-veka går fort!

Jaja, kva skal ein seie? Sløver litt foran PC'en etter ein tre retters middag nede i ein av hotellrestaurantane i lag med støtteapparatet til Sandviken og Arna-Bjørnar. Betalte ingenting for den heller, sjølvsagt. Eg trur faktisk ikkje eg har brukt meir enn €5 sidan eg kjøpte visum til Tyrkia på laurdag...Skulle eigentleg på ein anti-stress massasjetime på spa nede i kjellaren, men middagen trakk slik ut at eg måtte utsette det til i morgon...

I går tirsdag var det først morgontrening, før treningskamp mot Amazon Grimstad på ettermiddagen. Kampen endte uavgjort 0-0, som eg trur jentene var nesten fornøgd med, i og med at dei ikkje tapte. Det er jo det dei har brukt å gjere i Toppserien tidlegare, dessverre. I morgon er det ny treningskamp mot Linderud/Grei.

I dag har vi hatt ein fridag, dvs ingen obligatoriske aktiviteter etter morgonøkta. Dei fleste spelte sandvolley nede på stranda, før ei frivillig fotballøkt på ettermiddagen. Eg har såvidt klart å halde luftvegane nokonlunde fungerande, men frisk er eg i allefall ikkje. Heldigvis ikkje feber, men irriterande å være forkjøla her nede når eg liksom skulle ha "aktiv" ferie og få komt skikkelig i gang med jogging og sånn fram mot våren og sommaren. Det har det ikkje blitt noko av. Jappi (materialforvaltaren) var på apoteket for å prøve å finne noko teip til medisinskrinet for meg, og kom tilbake med slimløysande brusetablettar for halsen min...hadde dårleg stemme igår, men idag har den vore ganske bra.
Heldigvis er eg frisk nok til å få solt meg litt :) Sovnar som regel på solsenga og grur meg litt til eg kjem heim til regn...

Har fått ein viss døgnrytme her nede også, som liknar veldig på heime...Står opp 7.15 kvar dag, ferdig med frokost ca 8, trening klokka 9 og 15, og heilt kake om kvelden. Blir ikkje mange turane ned i baren, for å sei det slik. Er som regel i seng før 11.

Det er ikkje mange som har bada noko særlig, men eit par har våga seg uti. Korleis temperaturen er, veit eg ikkje. Det lurte Siggen (hjelpetrenar) på også, så han spurte Lise om dette, og fekk følgande svar:
"Ser eg ut som en........termostat?"

Prøvde å laste opp eit par bilder, men det gikk heller dårleg. Får ta det igjen!


Monday, March 14, 2011

Tyrkia

Livet i Tyrkia er herlig, herlig og enda meir herlig :) Sånn stort sett. Senga er eit lite unntak, men får i allefall litt søvn.

Eg er altså på treningsleir med Sandviken-jentene, fotballaget eg er ein av fysioterapeutane for. Etter opprykket til Toppserien vart det ikkje treningsleir på Fitjar (som i fjor), men treningsleir i Tyrkia, finansiert av fotballforbundet. Ikkje så dumt, når dette betyr at vi bur på fint hotell med All Inclusive, og været i tillegg er fint. Det er visst ein liten skilnad frå La Manga der dei har vore før, har eg høyrt.

Vi reiste frå Flesland laurdag klokka 13, og med god medvind landa vi i Antalya, Tyrkia ca 17.10 lokal tid. Bagasjen kom, vi fekk kjøpt visum, og så var vi på veg til Hotel Titanic, der vi skulle være første natta. Eigentleg var det meininga vi skulle være på Titanic heile oppholdet, men eit par veker før vi reiste ned vart vi flytta over til Hotel Rixos Lares, som viste seg å være eit lite hakk opp i standard. Ikkje at Titanic var dårlig altså....
Titanic var eit litt artig hotell, i den forstand at det er så inspirert av skipet Titanic at hotellet i seg sjølv er forma som eit cruiseskip. Inne er det dekk i stadenfor etasjer, koøyer istaden for vindu osv. Tilogmed skipskatt var der...i spisesalen. Den var nok ikkje heilt tilsikta, men atkomsten for kattar var relativt enkel.
Hotellet har sjølvsagt også ein eigen kanal som spelar filmen "Titanic" om igjen og om igjen. Humor.

Alle treningane våre foregår inne på området til Rixos Lares, så no har vi kort veg til alt. Vi flytta over hit etter den første treninga på søndag, og vårt første måltid på hotellet vart lunsj. Hotellbuffeten her er noko heilt anna enn det eg har vore borte i heime. Her er det så mange rettar og smårettar og brød og rundstykker og alt mulig oppstilt i eit så stort område at du først må ta ei runde for å sjå, også må du bestemme deg for kva du helst vil ha, ellers endar du opp med så mykje på tallerkenen før du har komt til enden på maten at du ikkje heilt veit korleis det gikk til. Brenn meg på dette kvar einaste gong.
For kvart bord i spisesalen fins det sikkert tre forskjellige kelnerar, som har som oppgåve å fjerne tallerkenen når du er ferdig med å ete, fylle vatn i glaset, og å komme med brus, kaffi eller kva anna du måtte ønske.
Berre menn, ingen damer, dei sit i resepsjonen eller reingjer romma.
Gjestane her er stort sett tyskarar eller aust-europeiske. Her er ein del fotballag på treningsleir slik som oss, dei fleste frå land som Russland, Sverige og nokon frå Afrika. Her på hotellet er det kun vi og Arna-Bjørnar som er norske. Dei andre norske laga her nede bur fortsatt på Titanic.

Eg bur på einerom, det største einerommet eg nokongong har hatt på hotell. Dobbelseng (som rett nok er i hardaste laget, men litt betre enn på Titanic), sofakrok og terasse. Nice. Mellom første og andre trening er sola inne på terassen min, så då kan eg sitte der ute, hvis eg ikkje vil legge meg ved bassenget (som er kaldt og ikkje til å bade i på lenge enda) i ein av dei mange solsengane. Eller eg kan gå ned på stranda og finne meg ei solseng, og få servert drikke frå uterestauranten/baren der nede. All inclusive.
I går bestilte eg eit glas rødvin i baren nede, i lag med dei andre "voksne". Det skulle eg heller ikkje betale for. I det heile tatt har eg faktisk ikkje brukt pengar sidan eg kjøpte visum på flyplassen, og til alt overmål trur eg nok at eg har lagt på meg eit par kilo ekstra når eg skal heim, fordi her er så mykje mat....

Eg har også eit rom disponibelt for behandlingar, slik at eg slepp å ha alle jentene som treng oppfølging inne på mitt eige rom. Eg kan derfor rote så mykje eg vil inne hos meg sjølv :)

Jentene har to treningar per dag, den første frå 9-10.30 og den andre frå 15-16.30. Været har vore upåklageleg desse første dagane, vi har gått rundt i shorts og t-skjorte på trening, og sola oss i bikini ved bassengkanten ellers. Sola går ned rundt halv seks-seks, men temperaturen er synkande frå ca fire. Men vi rekk nok å få litt farge før vi skal heim.

I morgon er første treningskamp her nede. Så langt har det vore ein del å gjere med både større og mindre skadar, så har ikkje så mykje fritid. Men eg får være mykje ute, ete god mat, sole meg litt av og til og drikke eit glas rødvin på kvelden, så eg skal slett ikkje klage. Jobben er jo kjekk i seg sjølv også.

To ting kunne forsåvidt vore betre: Det eine er stemma mi, og det andre er mobilen min.
Eg var litt forkjøla då eg reiste, og igårkveld merka eg at eg vart meir og meir hes, og i dag har eg omtrent ikkje hatt stemme i det heile tatt. Høyrest ut som ei skadeskutt kråke, minus ein del lyd. Satser på at nokre timar med søvn der eg ikkje brukar stemma gjer sitt til at eg er tilbake på normalfrekvens i morgon. Formen forøvrig er bra, men er litt tett i systemet.

Mobilen min har vorte så glad i å sende samme melding til samme person at eg rett og slett har måtte skru den av for ikkje å få ei hinsides telefonrekning. Veit ikkje heilt kva som er galt, men Øyvind (trenaren) har i allefall fått den einaste meldinga eg har skrive til han her nede, sikkert 30 gongar no. Hvis dette også gjeld meldingar til mamma og pappa, må de seie frå!

Vel, slik har vi det i Tyrkia! Satsar på fine dagar framover også og eit par oppdateringar til før vi reiser heim.