Saturday, December 16, 2006

Tida går, dagane flyg forbi...

Lenge sida de har fått ei rein oppdatering frå meg. Kva skjer egentlig i Bergen?

- Det regnar. Kvar dag. Det er no nesten gått sport i å tippe kor mange dager på rad vi ender på med regn. Vi er no godt over 60. Heile oktober, november og desember har vore ei einaste grå, våt smørje, virkar det som. Eg såg lyset frå sola i ei glipe mellom skyene i går, og tenkte at "hmm, kva er det?" Alt var plutselig litt lysare og klarare, men så skya det over igjen og det vart grått og trist igjen. Egentlig trur eg ikkje at eg er ein person som blir spesielt deprimert over mangel på solskinn, heilt til eg merkar kor godt og mykje lettare det er å stå opp til dagslys og solstrålar. Men du, så dritlei ein kan bli av bilsprut, vassing på vei til jobb, og følelsen av at det konstant er mørkt. Til og med midt på dagen. Men så er det litt deilig også, å kunne pakke seg godt inn i regnkle og støvlar, sette musikk på øyret, og bruke ein halv time på å tusle oppover mot Haukeland mens man tenker på alt og ingenting. Gå litt i eigne tankar, før eg plutselig er på jobb og skal være mentalt skjerpa heile dagen.

- Eg jobbar. Nesten kvar dag. Mandag til fredag, rettare sagt. Og er fortsatt i turnus på nevrologen på Haukeland. Der er det godt å være. Man skulle tru at ein vart deprimert av å jobbe på ein avdeling der ein ser så mange tunge skjebner. Men eg har for eksempel lært at eit liv i rullestol ikkje er einsbetydande med eit trist og inaktivt liv. Mykje handlar om innstilling, og kva man ønsker å greie. Mestring står i fokus. Ikkje alle har forutsetningar for å mestre like mykje, men det handlar om å få ut potensialet i kvar enkelt. Små ting utgjer enorme forskjellar.

- Eg klatrer. Av og til. Klatresko er fortsatt ubehaglig for stortærne mine, men ikkje så ille som det var i starten. Har kjøpt sele, taubrems og kalkpose. Kunne gjerne kjøpt litt teknikk og dyktigheit også, men det er utsolgt akkurat no.

- Eg spelar i storband. Kvar mandag. Det fann eg ut her om dagen at ikkje broren min hadde fått med seg. Så mykje kontakt har vi! Uansett, det tek seg opp no som eg har begynt å lære dei fleste songane såpass at eg kan henge med på stemma mi. Vi spelte på julebord for Hydro sist lørdag, eg må innrømme at eg hadde litt forventningar til slik berykta, uanstendig oppførsel blant alle disse jobbkollegene når dei fekk i seg litt drikke, men det var skuffande lite skandaler å sjå. Er det ikkje slik at det er i julebordsesongen det oppstår litt pinlige situasjonar? Sikkert like bra at Haukeland ikkje arrangerer særlig med julebord i år. Dei er blitt pålagt å spare. Men det er visst noko som heiter sjukehusromanar og legeromanar, der det ikkje skortar heilt på uanstendigheter. Kanskje man ikkje treng julebord på Haukeland likevel?

- Eg har lært å spele poker. Texas Hold'em. Det var stas. Vi hadde ikkje sjetongar eller pengar, så vi hadde tenkt å spele med monopolpengar, men så fann vi aldri noko monopol-spel, så vi måtte finne andre løysingar. Trur Ingrid (i kollektivet) ønskar seg sjetongar til jul no. Eller krutongar, som enkelte trudde det heitte.

-Fredag reiser eg heim til jul. Eg har fått fri heile romjula og nyttår, så det blir ein fin ferie. Men fy søren, så dyr båten er når ein ikkje er student lenger. Kunne jo like gjerne flydd, bortsett frå at eg då ville fått problem med å komme under bagasjelimiten på 15 kilo hos Widerøe.

Så ønsker eg alle som er innom her ei fortsatt god adventstid, ei god jul, og eit godt nytt år!!