Monday, April 23, 2007

Eg vil klaaaaatre!!!!! Men alle er opptatt!!
Skal du klatre snart? Dra meg med!

Tuesday, April 10, 2007

I seriestartens ånd

Eg har lenge likt Arne Scheie, og mange gullkorn har funne vegen ut av han i kampens hete.
I påska sat eg og såg slutten på kampen Norge-Mexico frå VM i 1994 (nei, eg har den ikkje på video...men Viasat har ein kanal der dei sender gamle kamper av og til). Arne Scheie kan mykje om fotball og veit meget godt kva som kvalifiserer til bra spel. Men då Norge scora på slutten og Mexico måtte presse ekstra hardt, var det berre om å gjere å få ballen unna vår eigen 16-meter.
Og etter en klarering langt utover sidelinja frå ein norsk spelar, kjem det spontant:

"DET er en god ball!! DEN liker jeg!!!"

Thursday, April 05, 2007

Påske

Eg har tatt turen heim til Sunnmøre for nokre påskedagar. Men trur du det er påskevær? Håh, nei du! Her er det SNØSTORM. Ikkje sol, ikkje regn, ikkje varmt. Men så er det visst ikkje så uvanlig med snø i april. Vi har visst fått snø i juni ein gong.

Eg er blitt ein klatretulling. Eg elsker å kjenne følelsen av å komme til topps på ruter eg ikkje har meistra før, sjølv om det berre er på 5-tallet (klatreruter graderes frå 1-10, 1-3 er lett/greit, 4-7 er middels, og resten er for Spiderman, sett frå mitt perspektiv).
Eg håpte å kunne få klatra litt i påska, men mangel på klatrepartner set ein stoppar for det. Pluss at det er heilagdager og slikt. Men det blir nok nokre fine dagar fordi om.

Men påskelam? Nei, her blir det fiskegrateng!

God påske!!