Friday, October 27, 2006

Visste du at....

- det går an å "burne på hjørnet" med elektrisk rullestol? Det er også lett å kræsje i brannslukningsapparat.

- det er langt til nærmaste butikk der man kan kjøpe støvsugerposar til min ikkje-standard-støvsuger? Det tek minst ein månad å komme seg dit.

- grøn pesto er kjempegodt på brødskiva

Saturday, October 07, 2006

Klatre opp, men ikkje ned...

Eg har tatt opp ein gammal hobby frå då eg var liten. Vi har ei stor bjørk utanfor huset som var kjempefin å klatre i då vi var mindre, heilt til pappa saga av den nederste greina så vi ikkje greidde å komme oss opp der lenger. Å klatre i tre var ein av mine fritidssysler etter skuletid, når vi var lei av å sparke fotball på plenen, trene på triksing, eller spikke pil og bue.

Eg har altså begynt å klatre igjen. Ikkje i tre, men i klatrevegg. Eg fekk med ei frå jobben, til og med ei med høgdeskrekk, og vi meldte oss på eit todagers klatrekurs nede på SATS. Vi har lært å sikre kvarandre med tau og fire kvarandre ned etter at man ikkje orkar meir, og vi har lært å topptaue, og å gå på led, dvs være den som klatrar opp og festar tauet oppover i veggen slik at andre kan klatre med topptau-sikring etterpå.

I dag har eg vore og kjøpt klatresko. Dette er skikkelig dyre sko, også er dei ikkje behagelige eingong! Dei må være så små at tærne krøllar seg, slik at man kan klatre på små tak, også må dei sitte som ei strømpe på foten, altså så tett inntil foten som mulig. Ikkje laga for å gå på tur med nei.

Onsdag skal eg ta brattprøva, og etter at den forhåpentligvis blir bestått, kan eg klatre på alle veggar i Norge. Litt som lappen, nesten...når førarprøva er bestått, kan man jo kjøre på *kremt* nesten alle vegar i Norge.