Monday, July 31, 2006

Firenze

Vi oppdaga plutselig at vi ikkje skulle reise frå Roma igår, slik vi ei stund trudde. Då vi endelig fekk orden på datoar og sånn, viste det seg at vi plutselig hadde ein "ekstra" dag. Då var vi ganske samstemte om målet: Stranda. Vi tok metro og lokaltog til ein liten by ved kysten sørvest for Roma, Lido di Ostia. Vi har både lest og hørt om denne stranda, og sjølv om det var varmt på toget og trangt om plassen, var det verdt det då vi kom fram og endelig låg i ei solseng med skygge for hovudet. Solkrem kom på (og seinare av, viste det seg, etter ein dupp i Middelhavet. Vi hadde nok overvurdert vannfastheten av solkrem frå L'Oreal) og sjølv om det blåste heller friskt, var det berre deilig når temperaturen var godt over 30 grader i utgangspunktet. Vi hadde nokre herlige timar med soling, bading i 28 graders Middelhav og mange tonn salt. Det var litt vanskelig å synke, for å sei det sånn. Grunt var det også, til langt uti gokk. Det var deilig å få av seg alt saltet i dusjen i Roma.

I dag har vi komt oss til Firenze med tog. Og no som vi er her, er vi glade for at vi ikkje har gjort ting i motsatt rekkefølge. For sjølv om Roma var stort og flott, er det noko eige med Firenze, det lille vi har sett så langt. Hotellet vårt er sjarmerande og har aircondition som fungerer, og alt anna virkar også så langt på stell. Rett nok var det forferdelig varmt, det var eit ganske rødt fjes som stirra tilbake på meg i speilet i heisen då vi hadde funne hotellet. Då vi sjekka været på internett, var det meldt 38 grader idag. Heldigvis skal det bli litt kjøligare utover i veka. (Og her har vi forresten trådløst internett på rommet. No more internet cafes for me!)

Hotellet baud på velkomstdrink på terassen mellom 6 og 8, og etter det rusla vi nedover mot sentrum og fann ein uterestaurant, med taffelmusikk av gatemusikantar. Dette var på ein stor åpning, a la Torgallmenningen. Og etterkvart som mørket seig på, dukka det opp fleire gatemusikanter, gateselgarar og gatekunstnarar.
Og der vi i Roma såg tusenvis av scooterar, er det her mange syklar.
Eg gleder meg til å sjå meir av Firenze.

Og berre slik at de der heime ikkje trur at alt er fryd og gammen: 1. Vi har våkna av svette om natta. 2. Eg har mista solbrillene mine. 3. Shampoen min ville ikkje være i flaska lenger. Den trivdes bedre i plastposen og på kleda i kofferten. 4. Pappa er solbrent på magen og har blemmer under foten. 5. Det går an å bli for varm. 6. Heisen i Roma virka berre ca 1 av 4 gongar. Vi budde først i 6, så i 5. etasje.







Saturday, July 29, 2006

Det regnar!

Wuhuu! Etter nesten fire heile dagar med stràlande solskinn og rundt 34 grader, fikk vi eit realt tordenvaer litt tidligare i ettermiddag. No dryp det litt ute, men det er fortsatt godt og varmt. Eg vil anslà at temperaturen her ikkje pà noko tidspunkt har vore under 24 grader, sjòlv ikkje pà natta. Pappa og eg skal pà jazzkonsert ikveld sòr i byen, hàper vi finn fram og at det blir bra.

Ellers har Italia-fararane det veldig bra. Vi har begynt à bli vant til varmen, eg trur nesten eg kjem til à fryse nàr eg kjem til Norge att og "berre" rundt 20 grader. I allefall, vi har no greidd à dekke det meste av dei store turistattraksjonane i Roma, vi har sett Trevi-fontenen, Spansketrappene, Pantheon, Piazza Navona, St.Petersplassen og St.Peterskirka, Colosseum og Forum Romanum. I dag har vi tràla det vi rakk av Vatikanmuseet, og avslutta i det Sixtinske kapell. Dessverre fekk vi ikkje sà mykje tid der dà det er lòrdag og ting stenger tidlig. Men det er ein fantastisk plass. Eg syns det er utrulig fascinerande à sjà ting som er laga for mange hundre, og tilogmed fleire tusen àr sidan, slik som Forum Romanum, Colosseum og alle statuene. Eg greier ikkje à forstà korleis dei har klart à lage slike ting uten moderne hjelpemiddel, eg har jo tilogmed vanskar med à forestille meg 1800-talet i fargar fordi eg berre har sett det pà svart-kvitt foto...

Som framkomstmiddel benyttar vi oss mest av beina, men metroen og bussane er ogsà morsomme og billige. Taxi trur eg ikkje vi tòr, ei heller treng vi det. Vi er veldig flinke til à finne fram sjòlv!
Vi er ogsà veldig flinke til à ete ute, vi har enda ikkje ete inne...anna enn den pinglete frokosten pà hotellet. Ja, forresten, vi har no fàtt eit stort rom, i staden for det lille vi hadde. Airconditionen streika etter fòrste natta, sà dà fikk vi flytte. Eg er ogsà veldig glad for at eg tok med vaskepulver. Sjeldan har eg trengt det meir. Kleda stàr jo av seg sjòlv etter ein dag ute i sola. Men vi er ikkje brent!

Vi trives igrunnen bra i Italia. Folk er vennlige, servicen er god og vaeret er bra. Eg er glad eg ikkje skal heim heilt enda.

Wednesday, July 26, 2006

Roma

Vi kom med fly igàr kveld, akkurat tidsnok til à sjà byen fra lufta fòr det vart for mòrkt. Bagasjen kom ogsà, heldigvis. Mine tidligere fly- og bagasjeerfaringar denne sommaren har ikkje akkurat vore eintydig positive. Men no har vi i allefall et godt utgangspunkt. Vi vart frakta til sentrum med buss. Vaergudane hadde bestemt seg for à slà pà stortromma til aere for vàr ankomst, og frà bussen vart vi vitne til et lysshow uten like, med tilhòrande tordenbrak. Men forbausande lite regn. Sidan vi visste at hotellet ikkje var langt frà togstasjonen, fann vi fram kartet og navigerte oss til Via Flavia og Hotel Sallustio. Som foròvrig er et litt artig konsept, resepsjonen ligg i tredje etasje, vi har rom i 6. etasje, og i heile bygget fins det i allefall to andre hotell. Litt sànn "gode venner kan jo dele"-opplegg. Rommet vàrt er lite, men fint. Airconditionen er effektiv, nesten litt for effektiv. Eg var faktisk litt kald i natt...
Rett over gata for hotellet ligg en koselig liten restaurant, der vi àt middag igàr kveld, med en god ròdvin til.

I dag har vi tusla ned til Forum, og rusla litt rundt i alle ruinane. Fòrste smak av den beròmte italienske iskremen er inntatt. Vi har store planar om Colosseum etterpà, om ikkje varmen tek knekken pà oss fòrst. Pappas baerbare har foròvrig planer om à gjere heile internettilgangen vàr litt tròblete. Derfor har vi i fòrste omgang no funne oss ein internettkafe. Vi fàr pròve à overtale maskina igjen ikveld. Ciao sà lenge!

Saturday, July 22, 2006

Bråkebøtter

Egentlig sit eg og ventar på at det skal bli stille nok ute i stua til at eg kan legge meg og faktisk få sove. Festlig med vorspiel når man skal opp halv sju for å gå på tidligvakt. Men det blir den siste vakta denne sommaren, for på mandag reiser eg til Oslo, og på tirsdag reiser pappa og eg vidare til Italia, til Roma og Firenze. Det kan bli VARMT...pokkers hetebølge, perfekt timing som alltid. Alt over 30 grader synes eg er litt for mykje. Vi skal være der i to veker, og etter det blir det nok ein tur heim til Syvde for å helse på. 15. august startar eg i turnus på nevrologen på Haukeland Universitetssjukehus. Det blir spennande, og litt skummelt. Eg føler meg ikkje som ein fysioterapeut, sjølv om eg no har begynt å bli litt vant til tanken på at eg faktisk er det. Det blir nok litt bedre når eg får begynne å praktisere litt.

Dei to vekene sidan eg kom til Bergen igjen har stort sett gått med til jobb, men eg har og hatt ein liten tur til Fløyen med Petter (dei sel forresten softis der oppe klokka ni på kvelden, med lakrisstrø. "Snakk om å ødelegge en is," sa Petter), og eg og Ingvild har blitt overrumpla av eit utdrikningslag på Torgallmenningen som ville døpe meg, der fyren som tok bilde av seansen sendte det inn til BA. Kine måtte varsle meg, og jammen har ikkje døpebildet komt på trykk i avisa. Festlig. Og i gårkveld var Marit og eg på kino og såg den nye Pirates of the Caribbean-filmen. Eg trudde eg skulle dø av latter på et tidspunkt. Heilt hysterisk morsomt!

No trur eg at eg går og hiv ut heile vorspielet. Skikkelig partypooper ja. Men spurte dei når eg skulle opp i morgon tidlig? Trur ikkje det nei.

Eg skal i allefall gå og pusse tenner...

Monday, July 10, 2006

Heime igjen

Svusj. Så fort gikk det. Tre veker i USA er over, og no veit eg ikkje når eg skal tilbake. Heldigvis er ikkje sommaren over enda, no skal det jobbast et par vekers tid, og så skal pappa og eg til Italia og leike turistar.

Dei siste dagane i Portland gikk litt i ett. 4. juli var egentlig ein heilt vanlig dag, bortsett frå at vi hørte litt spede tilløp til fyrverkeri rundtomkring. I Oregon er fyrverkeri nemlig lov, i motsetning til ein del andre statar i USA. En av naboane advarte oss om at det brukte å høres ut som 3. verdenskrig utanfor vindua når folk begynte å fyre av sjølvlaga fyrverkeri. Klirring og dirring og det som verre var. Men det merka vi aldri noko til. Vi forlot huset om kvelden og drog på et par festar nærmare sentrum av byen, til folk som Rachel og Guilliermo (T sine flatmates) kjente.
Men før det hadde Theodore tatt Kristin og meg med til en foss ca 30 minutt utanfor byen. Denne fossen har et navn, men det er så vanskelig at eg ikkje greier å huske det. M...Mun...Mash...Ikkje sjans. Uansett, denne fossen har eit fall på ca 200 meter, og det går ein asfaltert (!) sti opp langs fjellsida til toppen, der ein kan stå på eit platå og sjå ned på fossen. Denne dagen var der tjukt av meksikanarar og andre amerikanarar, trillevogner, hundar og you name it. Festlig. Men utsikten var det ingenting å sei på. Theodore og Kristin bestemte seg deretter for å hoppe frå stein til stein oppover i elva, sjølvsagt endte det med litt plask.

Vi reiste frå Portland om kvelden 5. juli, og kom oss smertefritt til LaGuardia flyplass i NY. Vi skulle bytte flyplass til JFK, og alle hadde rista oppgitt på hovudet og sagt at det var jammen godt vi hadde god tid, kvar gong vi fortalte om reiseplanen vår. Eg trur ikkje dei nokongong har gjennomført flyplassbytte LaGuardia-JFK. Vi kom ut av terminalbygget og såg rett på et skilt som fortalte at det gikk ekspressbuss til JFK kvar halvtime. Er det noko problem? (Piratdrosje har eg prøvd før. Det var verre.)

Frå JFK til London derimot, holdt det på å gå galt...igjen. For tydeligvis betyr Kristin og meg ombord på et fly at det oppdagar tekniske problem på vei ut mot rullebana, med den følgen at flyet snur og taksar tilbake til terminalen for å prøve å fikse feilen. Denne gongen greidde dei det faktisk, så vi fikk fly til London etter tre timers ventetid inne i flyet. Sist gong fikk vi ikkje fly, og det etter fire og en halv time i flyet...(sjå historien nedanfor om du ikkje er oppdatert).

Eg har tilbragt helga i Oslo på besøk hos Karin, min kjære lillesøster, og vi har blant anna vore på omvisning på Slottet. Glitter og glamour. Kunne gjerne prøvd det som hotell ei vekes tid.

På Gardermoen idag gikk det sjølvsagt heller ikkje heilt smertefritt, fly- og bagasjetrøbbel har vore ein raud tråd desse tre vekene. I dag var det bagasjebandet i innsjekkinga på Gardermoen som svikta, med milelange køer berre for å få levert den innsjekka bagasjen. Trur det er mange som savnar bagasjen sin idag.

Vel, no ventar to vekers jobbing. Heldigvis er det ikkje så fryktelig varmt i Bergen, det gjer det i allefall litt lettare å gå på jobb.

Sunday, July 02, 2006

Varmen fortsetter, hadde naer sagt heldigvis. Eg er ikkje akkurat bortskjemt med det heime i Norge. Det vart ingen Bluesfest-tur pa oss i garkveld, fordi vi var ferdig med middagen sa seint. Kristin, Theo og eg var ute og spiste sushi pa ein heller fancy, men treg-med-serveringa-restaurant nede i byen. Vi gikk derfra rundt halv elleve, og fann ut at vare andre bekjente var pa en bar/utestad. Vi kom dit, og fann verdens storste kjottmarked. Ikkje akkurat staden for ei jente i skjort , hettegenser og ga-rundt-i-storby-sandaler. Vi gikk til baren ved siden av, der hadde dei i allefall biljard. Men det var sa fullt av folk at det var vanskelig a spele. "Excuse me, I just need some space here." Heller irriterande.

Etter en heller slapp formiddag i dag, har vi vore og bada. Heilt fantastisk nydelig, det fins ikkje bedre a finne pa i 30 varmegrader. Vi kjorte en liten halvtime pa highwayen, tok av og rett der man ikkje skulle tru det, var elva. Med akkurat passe strom, temperatur, og masse steinblokker som var perfekte som svaberg, og som stupebrett. Rett nok var der masse folk, men dess fleire rare ting a sja pa, jo bedre.

Gulliermo, Theos flatmate, er i gang med a lage fiskemiddag til oss no, en peruviansk oppskrift (ja, han er fra Peru).

Vi har det veldig bra!! Turen er nesten over, berre tre dagar igjen...dessverre.

Saturday, July 01, 2006

Varme, kraaker, marked og bluesfestival

Vi kom endelig fram til Portland torsdag ettermiddag. Det var ikkje heilt time to fly klokka 10.30, men det var heller ikkje sa langt unna. Berre et par timar. Det takla vi jo fint, sidan vi no er sa vant til a vente... for a vaere heilt aerlig, eg holdt pa a klikke. Men forsteklasse-seter var en god trost. Vi vart varta opp med mat og drikke, pafyll og alt mulig rart som man ikkje far pa okonomiklasse. Og kryss i taket, bagasjen stod og venta pa oss.

Det er varmt i Portland. Sa varmt at eg i dag har opplevd a vaere overoppheta, dosig, sliten og slett ikkje i humor til a ga rundt i byen pa mafa. Vi var nede i byen pa Saturday Market, der mange lokale bedrifter/kunstnarar set opp boder og selg produkta sine. Masse rart a finne der. Men pa tur opp til huset igjen vart det litt vel varmt. Eg sovna nesten pa trikken.
Resten av gjengen har tenkt at vi skal pa Blues-festival litt seinare, og endelig, etter litt sovn, vannmelon og en cola med litt vanlijevodka i, syns eg at det er greit a dra nedover til byen igjen.

I morgon har vi tenkt a dra a finne en plass vi kan bade, sidan det ikkje ser ut til at varmen har tenkt a gi seg med det aller forste. Der sola har tatt mest, er graset heilt brunsvidd. Den eine romkameraten til Theo har funne en krakebaby som hadde skada vingen sin. Den har no fatt et eget lite bur oppi treet uti hagen for a beskytte den mot kattane rundt her, og der sit den og krekar mesteparten av natta. Trur det snart er pa tide a la den fa dra, den har begynt a flakse litt med vingane igjen.

Haper det blir bra i kveld!