Saturday, March 31, 2007

For ein dag! :)

Ååååå, den som berre kunne få fleire slike dagar! I dag har eg vore på Sotra og klatra i lag med Unni, som eg kjenner frå Haukeland, samt Anders og Elin, som eg kjenner gjennom Unni. Strålande sol, perfekt klatretemperatur og kjekke klatreruter.

Gjøkeredet klatrefelt på Sotra


Anders


Og etterpå: Øl på verandaen til Unni, og tacos til middag. Kan ein laurdag bli stort betre?

Anders og meg


Saturday, March 24, 2007

Det er vår! :) Endelig slutt på mørke morgontimar og sludding. Fuglane har begynt å kvitre i tretoppane, og temperaturen er på veg oppover. Dei neste dagane skal det bli strålande sol, det er nesten så eg har dårlig samvit for å sitte inne. Unni og eg har no begynt å trene litt på strukturklatring for å få litt feelingen til uteklatring på Sotra når været blir enda varmare. Klatring er en av mine store hobbyer for tida. Vi prøver å klatre ca to gonger i veka, men faktisk kunne det gjerne vore enda ein gong.

Eg har bytta turnusplass og blitt busspendlar, eg er no i Askøy kommune for siste halvdel av turnusen min. Veldig annleis enn nevrologen på Haukeland, men eg trives bra. No jobbar eg både med barn og eldre, og har bra variasjon i det eg møter. Men søren så vanskelig det skal være å trene barn som helst vil gjere sine eigne ting.

Det er faktisk snart påske. Det blir vel ein tur heimom for å helse på familie og venner, håper det blir bra vær. Det går rykter om at ein komite planlegger 10 års reunionfest for ungdomsskulen i sommar. Er litt spent på korleis det går.

Nyt vårdagane!