Saturday, August 26, 2006

- Kvifor er å sove lenger det første man tenker på om morgonen, og det siste man tenker på om kvelden?
- Eg fekk ikkje åpna sykkellykta mi før istad. Nye batteri kjøpte eg i går. Ikkje rette batteri.
- Rommet mitt er blitt for lite. Eller er eg blitt for stor?
- Kvifor kan ikkje kondis være konstant? I staden for å bli ikkje-eksisterande uten bruk?
- Kven har bestemt at sjukehuskle må være kvite?

Thursday, August 10, 2006

En ny, rød mobil

Eg har vore tilbake i steinalderen eit par dagar. Eg trur i allefall det var slik det føltes, den gongen dei ikkje hadde særlig med bekvemmeligheter. Eg er på veg ut av steinalderen igjen no, men det går nok litt tid før eg er skikkelig på sporet igjen, godt inne igjen i den digitale verda.

Tenk deg eit liv utan mobil, VISA-kort, førarkort, dine nye briller, Ipod, klokke, pass, toalettsaker og digitalt kamera. Det var temmelig nøyaktig det som forsvann på vei heim til Norge for eit par dagar sidan, saman med sekken det var i. Surt? Nja. Jo. Men alt kan erstattast. Nesten. Alle bilda eg hadde på kameraet er borte. Og nokre av smykka eg hadde i toalettveska hadde stor affeksjonsverdi. Det er mest .....upraktisk. No har eg iallefall mobil igjen. Midlertidig kjøretillatelse (trur du ikkje Biltilsynet har ferie?? Og lensmansskontoret også, det drøyar litt med nytt pass og norsk anmeldelse for forsikringsselskapet) er fiksa. VISA bestilt. Og ny sekk og toalettsaker kjøpt. En minneverdig avslutning på ferien for i år.

Det kommer ordna sej
det gör det alltid
jo det löser sej
så brukar allt bli
det kommer fixa sej tillslut
det är inget tvivel om

Monday, August 07, 2006

Siste Italia-dagane

Lørdag: Firenze. Vi gikk rundt i byen og tusla, pappa fikk endelig kjøpt seg nye sko (håper det blir orden på alle blemmene no), og vi kjøpte litt souvenirar her og der. Det blir spennande å pakke ut heime og sjå kva vi faktisk har fått med oss. Eg er personlig litt bekymra for at ikkje kofferten skal gå igjen, eit heller heftig kjøp av en bestemt ting her nede kan komme til å ta litt plass. Vi har også fått tak på ein del vin idag (mandag) som skal fordelast etter kvote.
På kvelden fann vi ut at vi skulle gå ein ny retning og bort og sjå på eit gammalt fort vi hadde sett på bykartet. Der borte var det mykje liv og røre. Tydeligvis ein slags festival, litt a la Vanylvsdagane :) Boder, musikk og uteserveringar i skjønn forening. Pappa og eg lot oss friste av mykje røyk og god grillukt, og benka oss ved den eine "restauranten." Der sprang det servitørar i hytt og pine, men ingen såg ut til å legge merke til oss. Eg følte det nesten som om eg var blitt medlem av paria-kasten, i allefall var ikkje bordet vårt verd mange blikk. Ikkje kan vi særlig italiensk heller, og dekketøy og menyar var heller fråværande. Han som såg ut til å være sjefen, såg oss etter ei stund, og via ei travel, lett stressa servitrise kom det endelig spisebrikke, serviett og kniv og gaffel på bordet. Endelig, tenkte vi. Bestille då, kan vi det tru? Men før vi rakk å ytre et ord, var dama borte, og vi satt heller hjelpelause tilbake og venta på å bli sett igjen. Det var om å gjere å følge servitørane med augene for å kanskje oppnå augekontakt i eit millisekund. Såg du vekk eit sekund, var dei -svusj- borte. Etterkvart kom sjefen såpass nær igjen at vi greidde å bestille. To øl kom på bordet. Og tretti sekund etterpå, grillmaten. Mens et stakkars par på eit bord lenger borte venta i ein halvtime -minst- frå dei fikk bestilt til dei fekk maten. Dei måtte gå vegen gjennom servitørane, haha. Men maten var god.

Søndag: Vi hadde tenkt å ta turen til øya Elba, men etter ei lita feilberegning i reisetid, vart det Viareggio og stranda istaden. Etter ein togtur på nesten to timar (med tøffe-tøffe-toget ja) var vi framme på stasjonen, og begge måtte på do. Vi såg eit WC-skilt og sette kursen dit. Kva var det vi fann? Jo, siste mote i idiottoalett frå....hmm...kanskje Tyskland? Eller kanskje dette var noko lokalprodusert? I allefall: Først må du ha 20 cent. Greit nok. Desse skal puttast på ein automat som opnar døra. Når du har lagt på nok pengar, kan du trykke på knappen og døra går opp. Du kjem inn i ein stor boks, der alt er vått på det rillelagte golvet. Kvar skal eg sette veska tru? Heldigvis går det an å henge den opp på litt improvisert vis. Utanpå boksen stod det at dette toalettet vart automatisk reingjort mellom kvar gong, så det er vel det alt vatnet skyldast då...tenker eg.
I Italia har eg lært at eg må alltid sjekke om det fins dopapir før eg set meg ned. Men kvar fins det i denne boksen? Eg ser ingenting. Fanken. Må eg virkelig gå med uforetta sak? Eg må på do! Så ser eg ein knapp. "Trykk for dopapir." Herlighet. Eg prøver. Ein liten summelyd, og ut kjem to flak med dopapir. Eit trykk til, og enda to flak. Endelig kan eg sette meg ned, for her fins i allefall dopapir! Medan eg sit der, ser eg eit anna oppslag. Lyset går av etter 5 minutter. Godt eg ikkje har magesjau. Ok. Etterpå, når eg skal ut og trykkar på knappen, står det sjølvsagt andre som vil rett inn. Men nei. Dei må vente til døra har gått igjen, heile rommet har blitt spylt (høres det ut som) og det står at dei no kan legge på 20 cent. Tenk heile denne prosessen for kvar gong nokon må på do, og du har raskt ei tredobbelt så lang kø som på eit vanlig offentlig toalett på ein togstasjon med like mange båser, det vil sei tre. No virka berre to bokser denne dagen...

Mandag: Fiesole. Innehaver av en bestemt butikk vi har vore inni, anbefalte oss å ta ein tur opp i åsen til Fiesole, ein liten by frå før romertida. Vi tok bussen, og fekk sjå Firenze frå panoramautsikt på bussturen opp. Heilt fantastisk. I Fiesole besøkte vi eit gammalt romersk teater og romerske bad som er gravd ut i nyare tid, og eit arkeologisk museum som inneheldt mykje anna dei har funne gjennom utgravingane. Vi tusla rundt også her, og fekk sjå toskansk landskap frå si beste side, åsar, tre, storslåtte murvillaer og spredt bebyggelse. Alt dette i strålande vær.

I morgon skal vi toge oss til Roma og treffe Charlotte (ei venninne frå USA som har gifta seg med ein italiener), før vi skal fly til Norge i morgon kveld. Pakkeprosjektet står for tur!

Friday, August 04, 2006

Toscana

Dei siste dagane har vi gått litt rundt i Firenze, men også besøkt omkringliggande byar. Tirsdagen var vi i Firenze heile dagen, kikka litt rundt i butikker og på marked. Vi har sett at det blir organisert guida turar til området og byar rundt her, men dei kostar ein del, så vi har heller satt oss på tøffe-tøffe-toget og dratt rundt sjøl. Vi har ein del informasjon om plassane i Lonely Planet-boka, så vi er ikkje heilt avhengige av guidar for å få tak i historiene bak.
I allefall, onsdag drog vi til Pisa med tog, litt over ein time herfrå. Frå togstasjonen gjekk vi gjennom byen og opp til plassen der det skeive tårnet står. Det er virkelig skeivt. Etter litt bilder, tusling og et måltid, satte vi oss på toget til Lucca, ein by som ligg heilt inngjerda av bymurer frå gamle dager. Desse bymurane er veldig intakte, i og med at dei aldri vart utsatt for angrep i krig. Lucca var ein veldig spesiell by, med hus trykt sammen, smale gater på to meter, og masse syklar. Vi koste oss veldig der, og overalt var det noko å sjå.
Frå Lucca tok vi toget tilbake til Firenze. Det var bekmørkt ute, og vi satt i ei vogn sammen med eit ungt britisk par som skulle av i Pistoia, berre at det var litt vanskelig å vite kor langt man hadde komt. Det var ingen stasjonsannonsering på toget, og mørket ute gjorde det vanskelig å lese skiltet med stasjonsnavnet på når vi kom inn til ein ny. Mannen gikk heller til døra og ropte ut "Pistoia?" This station? Next station?" kvar gong vi ikkje visste heilt kva stasjon dette var. Dei var visst litt leie av dette. Men dei kom seg av i Pistoia, og vi i Firenze.

I går tusla vi litt rundt igjen, var på ein utstilling av oppfinningar gjort av Leonardo DaVinci, og om ettermiddagen hadde vi meldt oss på guida vinsmaking. Guida og guida då... vi var fire personar, pappa og meg, og eit ektepar frå Canada. Guiden tok oss med til ein liten vinkjeller rundt hjørnet for møteplassen og gikk igjen, og der fekk vi sitte medan vi fekk smaksprøver av fire vinar av ei hyggelig jente som jobba der. Etter å ha spurt, fekk vi litt meir informasjon om korleis ein egentlig smakar på vinar, og korleis man kan skille ein ny vin frå ein gammal. Etter vinsmakinga drog alle fire ut og åt middag sammen, og det var ein veldig koselig kveld.

I dag har vi vore i Siena og kikka litt. Vi tok tøffe-toget igjen, kom til Siena rundt halv ett. Siena ligg sør i Toscana, og dannar den sørlige grensa for Chianti-området, som er berømt for vinane sine. Det er ein liten by, men det har eit profesjonelt fotballag der Tore Andre Flo spelte før han kom tilbake til Norge. Byen ligg i ei lita åsside, slik at det ikkje er flatt der inne slik som i Lucca, Pisa og Firenze. Det var faktisk ganske bratt. Italienske byar er veldig sjarmerande. Alt er av mur, og gatene er smale. Vi gikk ei rute gjennom ein del av Siena som stoppa ved fleire utkikkspunkt, og på desse kunne man sjå langt utover heile Toscana. Heilt nydelig.
Vi tok bussen tilbake, det bråkte!! Det høres ut som om bussen er full av blikkboksar, så kvar gong det humpar, er det heilt øredøvande. Men no er vi tilbake i Firenze.

Temperaturen har begynt å krype nedover, og det er deilig. I dag har det vore rundt 27 grader i sola. Håper det held seg slik resten av ferien. I går regna det tilogmed, i to minutt...