Sunday, November 26, 2006

Ønskeliste til jul

*Leilighet (vedlikeholdsfri og sjølvreingjerande, sjølvsagt)
*Bil (som er unntatt avgifter, levert med sommar- og vinterdekk, og som bruker vatn som drivstoff)
*Kurtise
*Tur til en Stillehavsøy
*Fast jobb
*Kle som vaskar, bretter og legg seg sjølv i skapet
*To ekstra timar om natta til å sove på

Friday, November 10, 2006

Våt og klam? Eller tørr og varm?

Det er så deilig å gå ute i regnet uten å bli våt. Å lure regnet, liksom. For kor mange gonger har du ikkje komt fram dit du skulle med klissvåte bein? Og gjennomvåt bukse, som -hvis du er skikkelig uheldig- fortsatt er våt når du skal heim? Eg huskar ein gong eg vart overmanna av regnet på veg til skulen, det må ha vore ein gong på ungdomsskulen eller noko slikt. Eg trur at eg sykla til skulen, så fort eg orka, forsøksvis mellom regndråpane, for regnbukse, kva er det? Aldri hørt om. Regnjakke derimot, trur eg faktisk at eg hadde. På. Lue? Nja...trur ikkje det. Men sykkelhjelm duger vel mot regnet det også? Det er mulig at eg hadde noko på hendene. Som for eksempel strikka vanter, som ikkje er så motstandsdyktig mot vatn som man kanskje kunne ønske. Og på beina? Det var i allefall ikkje gummistøvlar, det er sikkert. Eg trur eg sat ein heil dag på skulen i eit par jeans som var klissblaute frå morgonen av, men som muligens avanserte til "lett fuktig" på slutten av dagen. Eg huskar ikkje om det regna då eg skulle heim.

Eg huskar også den gongen ein nær slektning som ikkje bur på Sunnmøre, syntes det var snålt med alle ungane heime i Syvden som sykla til skulen - med paraply. Og når eg tenker over det, må eg i grunnen le. Eg har ikkje sett nokon i Bergen som syklar rundt med paraply, og som kjent regnar det i Bergen stort sett heile tida.

I dei harde ungdomsåra var det ein del skjult klespress på skulen. Regnjakke var greit nok. Vi vart introdusert for allværsjakker, som også kunne funke som regnjakker. Men regnbukse? Hørt om noko så tøvete? Dei bråka når man gjekk, man vart klam og ekkel, og det var berre enda ein ting å finne ut kor man skulle legge mens man var på skulen. Upraktisk. Og ikkje særlig fint heller. Og støvlar? Yuck.

Då eg gikk på ungdomsskulen, fans det berre kvite eller mørkeblå Viking-gummistøvlar, som ikkje var særlig lekre. Rett nok var det på mote ei stund, om du kan sei det slik, å brette ned kanten. Men dei var nok mest praktiske, og heller ikkje særlig fine, ei heller gode å gå i. Om man ikkje hadde ullsokkar i, var det liksom så kaldt og rommelig nedi der. Men hvis du var gut, fans det også knehøge, grøne sjøstøvlar. Eg er jente. Det vart ein del dagar der ein sat og småhutra på stolen, litt fuktig og våt på beina. Men skjønnhet har sin pris. Det var viktigare å sjå bra ut, enn å sjå praktisk ut.

Tidene endrar seg. No er eg mest glad for at eg har ei skikkelig vindtett og vanntett jakke, der det er plass til lue inni hetta og nok varme kle under til å ikkje fryse. Eg er glad for at eg har ei regnbukse som er vindtett (OG vanntett!!), og eg er kjempeglad for at eg har eit par sommerfuglpynta sjøstøvlar. Støvlar har faktisk fått sin renessanse, i allefall i regnlandet Bergen. Og eg er glad for at eg har eit par varme hanskar som held vatnet ute. Eg kan svinse ute i gatene lenge no, og gå til og frå jobb uten å bli våt.

Eg er nesten blitt som mamma.