Thursday, May 10, 2007

Øivind André Grøseth er min helt

Det siste året har eg fulgt med på bloggen til ein gut frå Oppdal.
Han fekk akutt leukemi hausten 2005. Heile historia om sjukdomsperioden har han delt med resten av oss gjennom heimesida oastiftelse.no/blog.

I dag døde han, etter å ha fått tilbakefall nr to.

Grunnen til at eg utnevner ØA til min helt, er den innstillinga og gutsen han har vist. Han skulle og ville vinne kampen, og livet skulle levast til fulle. Og sjølv då det gikk mot slutten, delte han tanker og opplevelser på bloggen.

Han har mint meg på at eg ikkje kjenner framtida mi. Livet må levast no.
Takk for det, Øivind André, og kvil i fred.