Monday, June 04, 2012

Svalbard-rapport


Slik starta det. 

Den opprinnelige planen var å prøve meg i Oslo halvmaraton i september 2011, i lag med Karin. Påmelding og flybilletter var i boks, og eg twitra litt her og der om korleis det gikk med treninga. Vart kjent med amerikanaren Chris, som også skulle til Oslo for å løpe. Og slik gikk nu dagan. Ei veke før avreise til Oslo vart eg sylte forkjølt, og deltakinga i Oslo gjekk rett vest. Eg hadde ikkje sjanse til å stille til start. 

Det var lettere irriterande å legge ned så mykje treningsinnsats for å delta i eit halvmaraton eg likevel ikkje fekk stilt opp i. Så denne Facebook-posten over her vart med eitt meir fristande, og etter litt fram og tilbake hadde vi begge bestemt oss for å reise til Svalbard for å løpe. Halvmaraton på meg, og heilmaraton på Chris. Etterkvart hadde han også fått med seg faren Ron som reisefølge, og eg fekk lokka med meg Ingrid, som eg har delt kollektiv med, og ho fekk igjen med seg Kjetil, ein barndomskompis. Vi prøvde også å lokke med oss ein viss advokat, men han vart med eitt veldig glad i sykling i staden. Så vi endte som ein god gjeng på fem personar. 

31.mai: Oslo-Tromsø-Longyearbyen. Framme klokka 14. Ingrid og Kjetil reiste opp dagen før, og møtte oss utanfor hotellet.

Eit koselig hotell i fangstmannhytte-stil. Tømmer, skifer og selskinn. Stakkars Ron fekk hemsen, der det aldri vart mørkt. Vi andre sov på lukka soverom, der lufta blei varm, men midnattssola stengt ute. 
Etter å ha dumpa bagasjen og skifta til varmare kle, vart vi henta av denne bilen:


Turen gikk oppover til Bolterdalen, ca 10 minutt å kjøre. Der ligg det fleire hundefarmar som arrangerer hundesledeturar. Vi fekk på oss termodressar og varme støvlar, og to timar etter landing på Svalbard var vi klare for hundesledetur.


Vi fekk være med å sele på hundane, ta dei ut av kobbelet dei opprinnelig var festa i, og feste dei i kobbelet til sledane. Så fordelte vi oss to og to på kvar slede, fekk ei kort innføring i korleis sleden fungerte og korleis hundane oppførte seg foran ein slede, og deretter bar det avgårde innover i dalen med ein person oppi sleden, og ein ståande bak for å styre. Lett overskya vær, men grei temperatur på 3-4 grader, og sledane var overraskande behagelige å sitte i.







Vi bytta på å sitte oppi og å styre, utrulig kjekk oppleving. Hundane er ein blanding av grønlandshund og husky, og dei elskar å trekke sleder. Dei vart fryktelig glade for å kunne dra på tur. 
Etter endt sledetur fekk vi også være med på å  koble av sleden, sele av hundane, og følge dei bort til sine respektive bur for å feste dei der. Denne turen enda noko overraskande nede ved eit bur fullt av kvalpar, der dei siste hundane også budde. Plutselig fann vi oss sjølve inne i eit stort bur fullt av kvalpar på berre nokre månader, som etterkvart skal trenast opp til å bli trekkhunder. Vi koste oss stort.

 





Knallkjekt første møte med Svalbard. 
Etter tilbakekomst til hotellet gjekk vi for å finne mat. Vi enda på Huset, der Ingrid hadde booka bord. God burger.
Å sjå at det framleis var like lyst ute då vi gjekk tilbake mot sentrum ca klokka 23.15, var ganske spesielt sjølv for ein nordmann. Eg har før denne turen aldri vore nord for Nord-Trøndelag, og dermed heller aldri opplevd midnattssol.





01. juni: Vi vart henta med buss klokka 08.30 for ein heildags båttur til Esmarkbreen og Barentsburg. Litt trøtte i trynet, men vi gledde oss til å sjå meir av Svalbard. På båten hadde dei ein fin deal med kaffikrus og så mykje påfyll av kaffi ein orka for 110 kroner. Dette nytta alle seg av etterkvart, og vart ganske einige om at det var ein fin investering...

Vi hadde knallvær, sol og fin sikt. Ganske mållause over naturen vart vi gåande rundt på båten og knipse bilder, slurpe kaffi og nyte sola og utsikta.






Vakkert. 
Etter å ha stoppa ei lita stund ved Esmarkbreen, drog vi vidare til Barentsburg, den russiske busetninga på Spitsbergen. Her budde det tidligare rundt 1000 menneske, men no er det ikkje meir enn rundt 300 att. Mennene jobbar i gruvene og kvinnene strikkar og syr souvenirar og innehar serviceyrker, og Barentsburg satsar no også på turistinntekter. Barentsburg er sjølvforsynt med varme frå gruvedrifta, og vatnet hentar dei frå ein innsjø over fjorden, lagt i undersjøiske rør. Busetninga har typisk russisk preg, og er no ganske nedslitt sjølv om noko har fått eit fasadeløft. Til OL på Lillehammer bygde dei nytt kulturhus med gymsal og svømmehall, og dei held også på å renovere hotellet sitt. Skulen/barnehagen har fått nytt fasademaleri, sjølv om Barentsburg berre har 27 barn for augneblinken. Barentsburg har kun barnehage og grunnskule, så når ungane veks til må dei ned til fastlandet for å fortsette skulegangen.
Ettersom folketalet i Barentsburg går nedover, er der no mange forlatte bygningar som berre står og ventar på å falle saman. Eit lite samfunn med mykje kontrastar, men eit heilskapsinntrykk av gammal sovjetkommunisme og relativ fattigdom. Ein gong annankvar månad går det fly til Russland. 



Vel tilbake i Longyearbyen fann vi oss mat: 


Ein lang dag på båt gjorde at vi segna om innan klokka 22.30, alle mann.

02. juni: Race day.
Start heilmaraton: 10.00.  Chris og Kjetil.
Start halvmaraton: 11.30. Ingrid og Ellen.
Start 10 km: 12.30. Ron.



Alle kjørte sitt eige løp i førebuingar. Ingrid og eg dro til start samtidig og sto på startstreken samtidig, men etter dette møttes ingen av oss igjen før etter løpet. 
Løypa var ok den første mila, der det gjekk nedover og flatt utover i Adventdalen. Etter at vi snudde for å dra innover mot Longyearbyen og utover mot flyplassen fekk vi litt motvind, og dei siste 5 km frå flyplassen og inn mot Longyearbyen sprang vi på grus/terreng, med ganske tøff stigning. Løypa blir karakterisert som tøff, og med det teke inn i betraktninga, er eg nøgd som berre det med resultatet.


2. plass i aldersgruppe og 4. totalt, etter at lista vart justert. Premie og greier.


Vi vart godt passa på av isbjørnvakter på ATV'ar. Kjekt med tryggheit. Har høyrt at om du skulle komme til å løsne eit skot på Svalbard, skal du gjere grundig reie for det etterpå, så isbjørnvaktane blir i sin tur også passa på...av sysselmannen.

Vi var ganske kjørt etter løpet, så alle prøvde å sove litt etter dusjen, før vi skulle på bankett på Radisson-hotellet. Her hadde vi planer om å rocke ganske bra, men etter god mat, dessert og to glas vin var eg klar for senga klokka 22.30. Pussig.

03. juni: Strevde for å komme ut av senga. Ned trappa til frokost var heller ikkje lett. Hadde bestemt meg for å dra til Svalbard Museum dei siste timane før avgang til flyplassen. Det var forsåvidt ein god plan, heilt til eg enda nede på golvet på eit par-tre selskinn, etter å ha gjespa meg gjennom halve utstillinga, som for all del var interessant. Er eigentlig veldig glad i museum.



Slik følte eg meg eigentleg heile vegen heim. Vekterstreiken la ingen hindringar i vegen, heldigvis. I Tromsø var det endåtil berre ein fordel,då dei hadde stengt sikkerhetskontrollen. Dei sendte derfor passkontrollen inn på flyet i staden for at vi måtte gå av og gjennom passkontrollen for så å komme ombord på flyet igjen. Skulle nesten tru dei visste at flyet var fullt av maratonløpere...

Vel, no er eg heime igjen. Men trur kanskje ikkje at det er siste gongen eg skal løpe halvmaraton, faktisk. Tenk det.












Sunday, February 05, 2012

Sunday, June 19, 2011

God søndag!


Herlig med søndag. Bakte brød uten oppskrift i går, trur det er dei beste brøda eg har fått til så langt. Mjuke og litt luftige....egg og einerøykt laks på, med ein god kopp kaffi til.
Ferie om ei veke, heim til Sunnmøre blir det då. Då hadde det vore kjekt med litt godvær, men skal nok greie meg utan også, sånn nokonlunde.
Var på skojakt igår, etter terrengløpesko og nye fjellsko. Fann terrengløpesko som satt omtrent perfekt på foten, så no er eg spent på neste godværsdag på Ulriken.


(bildet er frå www.lasportiva.com)

Wednesday, June 01, 2011

Sunday, May 29, 2011

Første forsøk


Prøver meg på foto og redigering. Ikkje lett å vite når det er bra, og når det kunne behøvd enda litt justering! Kjekt i allefall.



Sunday, May 22, 2011

Det blæs!



Blomstrane i kassa slit litt med å halde seg vertikale idag. Blir spennande å sjå om dei reiser seg igjen på eiga hand.

Monday, May 02, 2011

Ulriken



Sjekk det kule skydekket! Det kom eit par dråper og haglkuler rett etterpå. Fin omveg heim etter jobb. Blir godt med mat og dusj no!