Friday, August 04, 2006

Toscana

Dei siste dagane har vi gått litt rundt i Firenze, men også besøkt omkringliggande byar. Tirsdagen var vi i Firenze heile dagen, kikka litt rundt i butikker og på marked. Vi har sett at det blir organisert guida turar til området og byar rundt her, men dei kostar ein del, så vi har heller satt oss på tøffe-tøffe-toget og dratt rundt sjøl. Vi har ein del informasjon om plassane i Lonely Planet-boka, så vi er ikkje heilt avhengige av guidar for å få tak i historiene bak.
I allefall, onsdag drog vi til Pisa med tog, litt over ein time herfrå. Frå togstasjonen gjekk vi gjennom byen og opp til plassen der det skeive tårnet står. Det er virkelig skeivt. Etter litt bilder, tusling og et måltid, satte vi oss på toget til Lucca, ein by som ligg heilt inngjerda av bymurer frå gamle dager. Desse bymurane er veldig intakte, i og med at dei aldri vart utsatt for angrep i krig. Lucca var ein veldig spesiell by, med hus trykt sammen, smale gater på to meter, og masse syklar. Vi koste oss veldig der, og overalt var det noko å sjå.
Frå Lucca tok vi toget tilbake til Firenze. Det var bekmørkt ute, og vi satt i ei vogn sammen med eit ungt britisk par som skulle av i Pistoia, berre at det var litt vanskelig å vite kor langt man hadde komt. Det var ingen stasjonsannonsering på toget, og mørket ute gjorde det vanskelig å lese skiltet med stasjonsnavnet på når vi kom inn til ein ny. Mannen gikk heller til døra og ropte ut "Pistoia?" This station? Next station?" kvar gong vi ikkje visste heilt kva stasjon dette var. Dei var visst litt leie av dette. Men dei kom seg av i Pistoia, og vi i Firenze.

I går tusla vi litt rundt igjen, var på ein utstilling av oppfinningar gjort av Leonardo DaVinci, og om ettermiddagen hadde vi meldt oss på guida vinsmaking. Guida og guida då... vi var fire personar, pappa og meg, og eit ektepar frå Canada. Guiden tok oss med til ein liten vinkjeller rundt hjørnet for møteplassen og gikk igjen, og der fekk vi sitte medan vi fekk smaksprøver av fire vinar av ei hyggelig jente som jobba der. Etter å ha spurt, fekk vi litt meir informasjon om korleis ein egentlig smakar på vinar, og korleis man kan skille ein ny vin frå ein gammal. Etter vinsmakinga drog alle fire ut og åt middag sammen, og det var ein veldig koselig kveld.

I dag har vi vore i Siena og kikka litt. Vi tok tøffe-toget igjen, kom til Siena rundt halv ett. Siena ligg sør i Toscana, og dannar den sørlige grensa for Chianti-området, som er berømt for vinane sine. Det er ein liten by, men det har eit profesjonelt fotballag der Tore Andre Flo spelte før han kom tilbake til Norge. Byen ligg i ei lita åsside, slik at det ikkje er flatt der inne slik som i Lucca, Pisa og Firenze. Det var faktisk ganske bratt. Italienske byar er veldig sjarmerande. Alt er av mur, og gatene er smale. Vi gikk ei rute gjennom ein del av Siena som stoppa ved fleire utkikkspunkt, og på desse kunne man sjå langt utover heile Toscana. Heilt nydelig.
Vi tok bussen tilbake, det bråkte!! Det høres ut som om bussen er full av blikkboksar, så kvar gong det humpar, er det heilt øredøvande. Men no er vi tilbake i Firenze.

Temperaturen har begynt å krype nedover, og det er deilig. I dag har det vore rundt 27 grader i sola. Håper det held seg slik resten av ferien. I går regna det tilogmed, i to minutt...

No comments: