Monday, August 07, 2006

Siste Italia-dagane

Lørdag: Firenze. Vi gikk rundt i byen og tusla, pappa fikk endelig kjøpt seg nye sko (håper det blir orden på alle blemmene no), og vi kjøpte litt souvenirar her og der. Det blir spennande å pakke ut heime og sjå kva vi faktisk har fått med oss. Eg er personlig litt bekymra for at ikkje kofferten skal gå igjen, eit heller heftig kjøp av en bestemt ting her nede kan komme til å ta litt plass. Vi har også fått tak på ein del vin idag (mandag) som skal fordelast etter kvote.
På kvelden fann vi ut at vi skulle gå ein ny retning og bort og sjå på eit gammalt fort vi hadde sett på bykartet. Der borte var det mykje liv og røre. Tydeligvis ein slags festival, litt a la Vanylvsdagane :) Boder, musikk og uteserveringar i skjønn forening. Pappa og eg lot oss friste av mykje røyk og god grillukt, og benka oss ved den eine "restauranten." Der sprang det servitørar i hytt og pine, men ingen såg ut til å legge merke til oss. Eg følte det nesten som om eg var blitt medlem av paria-kasten, i allefall var ikkje bordet vårt verd mange blikk. Ikkje kan vi særlig italiensk heller, og dekketøy og menyar var heller fråværande. Han som såg ut til å være sjefen, såg oss etter ei stund, og via ei travel, lett stressa servitrise kom det endelig spisebrikke, serviett og kniv og gaffel på bordet. Endelig, tenkte vi. Bestille då, kan vi det tru? Men før vi rakk å ytre et ord, var dama borte, og vi satt heller hjelpelause tilbake og venta på å bli sett igjen. Det var om å gjere å følge servitørane med augene for å kanskje oppnå augekontakt i eit millisekund. Såg du vekk eit sekund, var dei -svusj- borte. Etterkvart kom sjefen såpass nær igjen at vi greidde å bestille. To øl kom på bordet. Og tretti sekund etterpå, grillmaten. Mens et stakkars par på eit bord lenger borte venta i ein halvtime -minst- frå dei fikk bestilt til dei fekk maten. Dei måtte gå vegen gjennom servitørane, haha. Men maten var god.

Søndag: Vi hadde tenkt å ta turen til øya Elba, men etter ei lita feilberegning i reisetid, vart det Viareggio og stranda istaden. Etter ein togtur på nesten to timar (med tøffe-tøffe-toget ja) var vi framme på stasjonen, og begge måtte på do. Vi såg eit WC-skilt og sette kursen dit. Kva var det vi fann? Jo, siste mote i idiottoalett frå....hmm...kanskje Tyskland? Eller kanskje dette var noko lokalprodusert? I allefall: Først må du ha 20 cent. Greit nok. Desse skal puttast på ein automat som opnar døra. Når du har lagt på nok pengar, kan du trykke på knappen og døra går opp. Du kjem inn i ein stor boks, der alt er vått på det rillelagte golvet. Kvar skal eg sette veska tru? Heldigvis går det an å henge den opp på litt improvisert vis. Utanpå boksen stod det at dette toalettet vart automatisk reingjort mellom kvar gong, så det er vel det alt vatnet skyldast då...tenker eg.
I Italia har eg lært at eg må alltid sjekke om det fins dopapir før eg set meg ned. Men kvar fins det i denne boksen? Eg ser ingenting. Fanken. Må eg virkelig gå med uforetta sak? Eg må på do! Så ser eg ein knapp. "Trykk for dopapir." Herlighet. Eg prøver. Ein liten summelyd, og ut kjem to flak med dopapir. Eit trykk til, og enda to flak. Endelig kan eg sette meg ned, for her fins i allefall dopapir! Medan eg sit der, ser eg eit anna oppslag. Lyset går av etter 5 minutter. Godt eg ikkje har magesjau. Ok. Etterpå, når eg skal ut og trykkar på knappen, står det sjølvsagt andre som vil rett inn. Men nei. Dei må vente til døra har gått igjen, heile rommet har blitt spylt (høres det ut som) og det står at dei no kan legge på 20 cent. Tenk heile denne prosessen for kvar gong nokon må på do, og du har raskt ei tredobbelt så lang kø som på eit vanlig offentlig toalett på ein togstasjon med like mange båser, det vil sei tre. No virka berre to bokser denne dagen...

Mandag: Fiesole. Innehaver av en bestemt butikk vi har vore inni, anbefalte oss å ta ein tur opp i åsen til Fiesole, ein liten by frå før romertida. Vi tok bussen, og fekk sjå Firenze frå panoramautsikt på bussturen opp. Heilt fantastisk. I Fiesole besøkte vi eit gammalt romersk teater og romerske bad som er gravd ut i nyare tid, og eit arkeologisk museum som inneheldt mykje anna dei har funne gjennom utgravingane. Vi tusla rundt også her, og fekk sjå toskansk landskap frå si beste side, åsar, tre, storslåtte murvillaer og spredt bebyggelse. Alt dette i strålande vær.

I morgon skal vi toge oss til Roma og treffe Charlotte (ei venninne frå USA som har gifta seg med ein italiener), før vi skal fly til Norge i morgon kveld. Pakkeprosjektet står for tur!

No comments: