Monday, July 31, 2006

Firenze

Vi oppdaga plutselig at vi ikkje skulle reise frå Roma igår, slik vi ei stund trudde. Då vi endelig fekk orden på datoar og sånn, viste det seg at vi plutselig hadde ein "ekstra" dag. Då var vi ganske samstemte om målet: Stranda. Vi tok metro og lokaltog til ein liten by ved kysten sørvest for Roma, Lido di Ostia. Vi har både lest og hørt om denne stranda, og sjølv om det var varmt på toget og trangt om plassen, var det verdt det då vi kom fram og endelig låg i ei solseng med skygge for hovudet. Solkrem kom på (og seinare av, viste det seg, etter ein dupp i Middelhavet. Vi hadde nok overvurdert vannfastheten av solkrem frå L'Oreal) og sjølv om det blåste heller friskt, var det berre deilig når temperaturen var godt over 30 grader i utgangspunktet. Vi hadde nokre herlige timar med soling, bading i 28 graders Middelhav og mange tonn salt. Det var litt vanskelig å synke, for å sei det sånn. Grunt var det også, til langt uti gokk. Det var deilig å få av seg alt saltet i dusjen i Roma.

I dag har vi komt oss til Firenze med tog. Og no som vi er her, er vi glade for at vi ikkje har gjort ting i motsatt rekkefølge. For sjølv om Roma var stort og flott, er det noko eige med Firenze, det lille vi har sett så langt. Hotellet vårt er sjarmerande og har aircondition som fungerer, og alt anna virkar også så langt på stell. Rett nok var det forferdelig varmt, det var eit ganske rødt fjes som stirra tilbake på meg i speilet i heisen då vi hadde funne hotellet. Då vi sjekka været på internett, var det meldt 38 grader idag. Heldigvis skal det bli litt kjøligare utover i veka. (Og her har vi forresten trådløst internett på rommet. No more internet cafes for me!)

Hotellet baud på velkomstdrink på terassen mellom 6 og 8, og etter det rusla vi nedover mot sentrum og fann ein uterestaurant, med taffelmusikk av gatemusikantar. Dette var på ein stor åpning, a la Torgallmenningen. Og etterkvart som mørket seig på, dukka det opp fleire gatemusikanter, gateselgarar og gatekunstnarar.
Og der vi i Roma såg tusenvis av scooterar, er det her mange syklar.
Eg gleder meg til å sjå meir av Firenze.

Og berre slik at de der heime ikkje trur at alt er fryd og gammen: 1. Vi har våkna av svette om natta. 2. Eg har mista solbrillene mine. 3. Shampoen min ville ikkje være i flaska lenger. Den trivdes bedre i plastposen og på kleda i kofferten. 4. Pappa er solbrent på magen og har blemmer under foten. 5. Det går an å bli for varm. 6. Heisen i Roma virka berre ca 1 av 4 gongar. Vi budde først i 6, så i 5. etasje.







No comments: