Saturday, July 22, 2006

Bråkebøtter

Egentlig sit eg og ventar på at det skal bli stille nok ute i stua til at eg kan legge meg og faktisk få sove. Festlig med vorspiel når man skal opp halv sju for å gå på tidligvakt. Men det blir den siste vakta denne sommaren, for på mandag reiser eg til Oslo, og på tirsdag reiser pappa og eg vidare til Italia, til Roma og Firenze. Det kan bli VARMT...pokkers hetebølge, perfekt timing som alltid. Alt over 30 grader synes eg er litt for mykje. Vi skal være der i to veker, og etter det blir det nok ein tur heim til Syvde for å helse på. 15. august startar eg i turnus på nevrologen på Haukeland Universitetssjukehus. Det blir spennande, og litt skummelt. Eg føler meg ikkje som ein fysioterapeut, sjølv om eg no har begynt å bli litt vant til tanken på at eg faktisk er det. Det blir nok litt bedre når eg får begynne å praktisere litt.

Dei to vekene sidan eg kom til Bergen igjen har stort sett gått med til jobb, men eg har og hatt ein liten tur til Fløyen med Petter (dei sel forresten softis der oppe klokka ni på kvelden, med lakrisstrø. "Snakk om å ødelegge en is," sa Petter), og eg og Ingvild har blitt overrumpla av eit utdrikningslag på Torgallmenningen som ville døpe meg, der fyren som tok bilde av seansen sendte det inn til BA. Kine måtte varsle meg, og jammen har ikkje døpebildet komt på trykk i avisa. Festlig. Og i gårkveld var Marit og eg på kino og såg den nye Pirates of the Caribbean-filmen. Eg trudde eg skulle dø av latter på et tidspunkt. Heilt hysterisk morsomt!

No trur eg at eg går og hiv ut heile vorspielet. Skikkelig partypooper ja. Men spurte dei når eg skulle opp i morgon tidlig? Trur ikkje det nei.

Eg skal i allefall gå og pusse tenner...

No comments: