Eg har lenge likt Arne Scheie, og mange gullkorn har funne vegen ut av han i kampens hete.
I påska sat eg og såg slutten på kampen Norge-Mexico frå VM i 1994 (nei, eg har den ikkje på video...men Viasat har ein kanal der dei sender gamle kamper av og til). Arne Scheie kan mykje om fotball og veit meget godt kva som kvalifiserer til bra spel. Men då Norge scora på slutten og Mexico måtte presse ekstra hardt, var det berre om å gjere å få ballen unna vår eigen 16-meter.
Og etter en klarering langt utover sidelinja frå ein norsk spelar, kjem det spontant:
"DET er en god ball!! DEN liker jeg!!!"
No comments:
Post a Comment