Saturday, March 24, 2007

Det er vår! :) Endelig slutt på mørke morgontimar og sludding. Fuglane har begynt å kvitre i tretoppane, og temperaturen er på veg oppover. Dei neste dagane skal det bli strålande sol, det er nesten så eg har dårlig samvit for å sitte inne. Unni og eg har no begynt å trene litt på strukturklatring for å få litt feelingen til uteklatring på Sotra når været blir enda varmare. Klatring er en av mine store hobbyer for tida. Vi prøver å klatre ca to gonger i veka, men faktisk kunne det gjerne vore enda ein gong.

Eg har bytta turnusplass og blitt busspendlar, eg er no i Askøy kommune for siste halvdel av turnusen min. Veldig annleis enn nevrologen på Haukeland, men eg trives bra. No jobbar eg både med barn og eldre, og har bra variasjon i det eg møter. Men søren så vanskelig det skal være å trene barn som helst vil gjere sine eigne ting.

Det er faktisk snart påske. Det blir vel ein tur heimom for å helse på familie og venner, håper det blir bra vær. Det går rykter om at ein komite planlegger 10 års reunionfest for ungdomsskulen i sommar. Er litt spent på korleis det går.

Nyt vårdagane!

No comments: