Saturday, July 29, 2006

Det regnar!

Wuhuu! Etter nesten fire heile dagar med stràlande solskinn og rundt 34 grader, fikk vi eit realt tordenvaer litt tidligare i ettermiddag. No dryp det litt ute, men det er fortsatt godt og varmt. Eg vil anslà at temperaturen her ikkje pà noko tidspunkt har vore under 24 grader, sjòlv ikkje pà natta. Pappa og eg skal pà jazzkonsert ikveld sòr i byen, hàper vi finn fram og at det blir bra.

Ellers har Italia-fararane det veldig bra. Vi har begynt à bli vant til varmen, eg trur nesten eg kjem til à fryse nàr eg kjem til Norge att og "berre" rundt 20 grader. I allefall, vi har no greidd à dekke det meste av dei store turistattraksjonane i Roma, vi har sett Trevi-fontenen, Spansketrappene, Pantheon, Piazza Navona, St.Petersplassen og St.Peterskirka, Colosseum og Forum Romanum. I dag har vi tràla det vi rakk av Vatikanmuseet, og avslutta i det Sixtinske kapell. Dessverre fekk vi ikkje sà mykje tid der dà det er lòrdag og ting stenger tidlig. Men det er ein fantastisk plass. Eg syns det er utrulig fascinerande à sjà ting som er laga for mange hundre, og tilogmed fleire tusen àr sidan, slik som Forum Romanum, Colosseum og alle statuene. Eg greier ikkje à forstà korleis dei har klart à lage slike ting uten moderne hjelpemiddel, eg har jo tilogmed vanskar med à forestille meg 1800-talet i fargar fordi eg berre har sett det pà svart-kvitt foto...

Som framkomstmiddel benyttar vi oss mest av beina, men metroen og bussane er ogsà morsomme og billige. Taxi trur eg ikkje vi tòr, ei heller treng vi det. Vi er veldig flinke til à finne fram sjòlv!
Vi er ogsà veldig flinke til à ete ute, vi har enda ikkje ete inne...anna enn den pinglete frokosten pà hotellet. Ja, forresten, vi har no fàtt eit stort rom, i staden for det lille vi hadde. Airconditionen streika etter fòrste natta, sà dà fikk vi flytte. Eg er ogsà veldig glad for at eg tok med vaskepulver. Sjeldan har eg trengt det meir. Kleda stàr jo av seg sjòlv etter ein dag ute i sola. Men vi er ikkje brent!

Vi trives igrunnen bra i Italia. Folk er vennlige, servicen er god og vaeret er bra. Eg er glad eg ikkje skal heim heilt enda.

No comments: