Svusj. Så fort gikk det. Tre veker i USA er over, og no veit eg ikkje når eg skal tilbake. Heldigvis er ikkje sommaren over enda, no skal det jobbast et par vekers tid, og så skal pappa og eg til Italia og leike turistar.
Dei siste dagane i Portland gikk litt i ett. 4. juli var egentlig ein heilt vanlig dag, bortsett frå at vi hørte litt spede tilløp til fyrverkeri rundtomkring. I Oregon er fyrverkeri nemlig lov, i motsetning til ein del andre statar i USA. En av naboane advarte oss om at det brukte å høres ut som 3. verdenskrig utanfor vindua når folk begynte å fyre av sjølvlaga fyrverkeri. Klirring og dirring og det som verre var. Men det merka vi aldri noko til. Vi forlot huset om kvelden og drog på et par festar nærmare sentrum av byen, til folk som Rachel og Guilliermo (T sine flatmates) kjente.
Men før det hadde Theodore tatt Kristin og meg med til en foss ca 30 minutt utanfor byen. Denne fossen har et navn, men det er så vanskelig at eg ikkje greier å huske det. M...Mun...Mash...Ikkje sjans. Uansett, denne fossen har eit fall på ca 200 meter, og det går ein asfaltert (!) sti opp langs fjellsida til toppen, der ein kan stå på eit platå og sjå ned på fossen. Denne dagen var der tjukt av meksikanarar og andre amerikanarar, trillevogner, hundar og you name it. Festlig. Men utsikten var det ingenting å sei på. Theodore og Kristin bestemte seg deretter for å hoppe frå stein til stein oppover i elva, sjølvsagt endte det med litt plask.
Vi reiste frå Portland om kvelden 5. juli, og kom oss smertefritt til LaGuardia flyplass i NY. Vi skulle bytte flyplass til JFK, og alle hadde rista oppgitt på hovudet og sagt at det var jammen godt vi hadde god tid, kvar gong vi fortalte om reiseplanen vår. Eg trur ikkje dei nokongong har gjennomført flyplassbytte LaGuardia-JFK. Vi kom ut av terminalbygget og såg rett på et skilt som fortalte at det gikk ekspressbuss til JFK kvar halvtime. Er det noko problem? (Piratdrosje har eg prøvd før. Det var verre.)
Frå JFK til London derimot, holdt det på å gå galt...igjen. For tydeligvis betyr Kristin og meg ombord på et fly at det oppdagar tekniske problem på vei ut mot rullebana, med den følgen at flyet snur og taksar tilbake til terminalen for å prøve å fikse feilen. Denne gongen greidde dei det faktisk, så vi fikk fly til London etter tre timers ventetid inne i flyet. Sist gong fikk vi ikkje fly, og det etter fire og en halv time i flyet...(sjå historien nedanfor om du ikkje er oppdatert).
Eg har tilbragt helga i Oslo på besøk hos Karin, min kjære lillesøster, og vi har blant anna vore på omvisning på Slottet. Glitter og glamour. Kunne gjerne prøvd det som hotell ei vekes tid.
På Gardermoen idag gikk det sjølvsagt heller ikkje heilt smertefritt, fly- og bagasjetrøbbel har vore ein raud tråd desse tre vekene. I dag var det bagasjebandet i innsjekkinga på Gardermoen som svikta, med milelange køer berre for å få levert den innsjekka bagasjen. Trur det er mange som savnar bagasjen sin idag.
Vel, no ventar to vekers jobbing. Heldigvis er det ikkje så fryktelig varmt i Bergen, det gjer det i allefall litt lettare å gå på jobb.
No comments:
Post a Comment